Pose-pose

No har eg endelig fått sydd ferdig pose-posen eg skulle ha til gardinene.
Dette er altså ein slik pose til å ha plastposar i.

Veit ikkje heilt kor godt fornøgd eg blei med resutlatet til slutt, men det er trass alt betre enn ein pose-pose i blå og grønrutete stoff med bamsar på, og gardinkappe i kvit "silke"..

Englane er forresten utklipt frå serviettar og limt på med decoupage-lim. :)


Oppdatering av to-do-lista mi

Strikke ferdige putetrekka
Strikke lampeskjermar ( trur eg lagar desse av ferdig strikk eg skal dekorere med bånd og perler?)
Sy regnfrakk
Sy finkjole
Sy pose-pose
Sy kjøkkengardin
Strikke hanskar (ein er ferdig! :) )
Strikke hue (premie til den flinke systra mi!)
Planlegge og lage julegåver
Strikke cardigan
Strikke ny lang genser/kjole
Pusse opp kommode
Male skap på kjøkkenet
Male tv-benken
Gjere noko med kommodane i gangen
Lage himmelseng (nokon som har tips? evt tips om himmelsengstativ?)

Eg malar!

Ja, no er verkeleg ikkje dette biletet ferdig, altså!

Men for å være ærleg har det hengt på veggen slik ei stund. Er utrulig usikker på korleis eg skal gå vidare på det. Det skal verte ein engel, men får ikkje tak i store nok englevingar. Trur det var det som dempa motivasjonen litt. Dei englevingane eg fann var jo alt for små! 

Den grøne bakgrunenn har eg mala, kjolen er laga av ei genserarm av ein gensar kjøpt på loppemarknad som er malt kvit + ein blondekant. Trur det kan verte bra til slutt altså, det var berre den motivasjonen..

.. og den evige jakta på dei store kvite englevingane i fjør..

Maleri

Dette biletet er ikkje nytt. Heller gamalt. Eg malte det vel i 10-12 års alderen, og det har i alle år lege på eit laust lerretsstykke i ei skuff, men eg ønskte etterkvart å få det spent opp på ei ramme og ha det framme. Er litt koselig å kunne ha framme ting eg laga då eg var lita og. Så eg tok eit vanleg oppspent lerret og stifta det utanpå. Størrelsen var litt varierande og det vart også kvaliteten på oppspenninga, men eg trøystar meg med at det hadde ikkje vorte betre om eg skulle gjort dette som 10-åring. :)

Sofaputene er ferdige!


Då er eg endelig ferdig med alle 4 sofaputene.
Legg ved eit nærbilete av ei av putene så det kanskje er lettare å sjå korleis dei ser ut på nært hald.



Loppefunn

Det her er for ein gongs skuld ikkje noko eg har laga. Men eg var på loppemarknad i dag og fann ein del eg blei godt fornøgd med!

Et kjøpte 5 messinglysestakar, to glasskåler, ein tinntallerken og ei tinnskål (som eg gløymde å ta bilete av).
For dette betalte eg den nette sum (ja, det var ein nett sum!) av 60 kroner :)

Så min ettermiddag har gått med til å gnikke og pusse til den store gullmedalje, får så å pynte, tenne litt lys og setje meg godt tilrette i sofaen med eit glas raudvin og berre nyte den gode stemninga! :)

Gardiner

No har eg endeleg fått begynt på gardinene eg har planlagt så lenge! Såg for meg nokre englar akkurat som på gamle glansbilete, og blei verkelig overraska då eg såg at dei hadde dei på Åhlens, akkurat slike eg hadde sett føre meg! :)

Har foreløbig berre laga kappe, men har planar om nokre lengder etterkvart.
Det er vel på tide å ta kvelden no :)

Prosjekt liste

Eg føler for tida at eg har så mange prosjekt i hovudet at eg ikkje heilt veit kvar eg skal starte.  Det liksom berre.. boblar litt over.. Så eg har laga ei liste over alle prosjekta eg kom på sånn at eg i det minste har dei samla :)
Den er ikkje prioritert, og det er fullt lovleg å halde på med fleire prosjekt samstundes ;)

Strikke ferdige putetrekka
Strikke lampeskjermar
Sy regnfrakk
Sy finkjole
Sy pose-pose
Sy kjøkkengardin
Strikke hanskar
Strikke hue (premie til den flinke systra mi!)
Planlegge og lage julegåver
Strikke cardigan
Strikke ny lang genser/kjole
Pusse opp kommode
Male skap på kjøkkenet
Male tv-benken
Gjere noko med kommodane i gangen
Lage himmelseng (nokon som har tips? evt tips om himmelsengstativ?)

Nattbordet mitt er ferdig!



Då er endelig nattbordet mitt ferdig oppussa.
Eg pussa først av mesteparten av den blå malinga før eg malte det kvitt. Pussa det litt på kantane for å få ein slitt look, før eg dekorerte det med glansbilete av englar. Til slutt monterte eg på ein ny knagg i glass.

Er veldig godt fornøgd med resultatet!

Har forresten kjøpt ein utruleg søt liten kvit kommode også på loppemarknad som eg må gjere noko med.
Har berre ikkje heilt bestemt meg for kva endå.

Strikka sofaputer

Eg har lenge hatt lyst på strikka sofaputer. Har sett mange flotte i butikkar, men det er noko eige med å ha laga dei sjølv. Har veldig dilla på rosa for tida også interiørmessig, så då måtte dei sjølvsagt verte rooooosa! Fant eit mønster i eit gjesdal hefte eg tok utgangspunkt i, og så kjøpte eg kvite bommulsputetrekk eg sydde dei fast i.
Er foreløbig ferdig med to, men planen er å lage 4.
Elskar dei allereide :)

Meir oppussingsprosjekt

Eg kjøpte og eit gammalt nattbord på loppemarknad til 30 kroner.
Hadde store planer for dette, og har komt godt på veg med oppussinga!

Skohylle

Eg har lenge hatt lyst på ei skohylle som romma fleire par sko enn den eg  hadde.
Jenter får jo aldri nok sko ;)
Kjøpte ei enkel hylle på loppis til 30 kroner, i lakka furu. Kjempelekker!! :P
Måla endeveggane kvite og la avis-decopage på hylleplatene. Hadde planar om at det skulle
bli meir avis-look, men hadde berre fargerike reklameaviser.
Men så skal hylleplatene vere dekte med sko likevel, så kva gjer det vel om dei er litt fargerike?

Strikkahue :)

Ei lue eg strikka på eit par kveldar. Blei kjempegodt fornøgd med den!
Strikka den etter mønster på drops, og garnet er av alle ting akrylgarn fra rimi.

Strikka tunika

Eg har lenge hatt lyst å strikke meg ein gensar eller noko.
Eg trudde dette skulle vere eit langtidsprosjekt, men det vart det visst ikkje. Brukte berre 16 dagar på å lage denne, men det var igrunnen fint, for den er jammen god og varm når det er så kaldt ute :)


Enda eit par strikka pulsvarmarar

Desse er like dei forrige pulsvarmarane eg strikka, berre at desse er strikka i mohairgarn og utan perler.

Hekla tøfler

Har hekla desse tøflene etter denne oppskrifta:
http://www.garnstudio.com/lang/no/visoppskrift.php?d_nr=113&d_id=32&lang=no

Blei godt fornøgd med desse :)

Tøfler

Dette tøfleparet er hekla i bestemorsruter.
Kvar tøffel består av 8 ruter som er sydd saman.
Utrulig knotete å lage eigentleg.

Fleire pulsvarmere

Synes det var litt kjekt å lage pulsvarmerra, så eg lagdei eit par til.
Desse er strikka fram og tilbake med babyull i merino, litt mønster på enden og ei rekkje perler.

Resteteppe

Eg rydda i hobbyskapet mitt for ei lita tid tilbake, og fant ut at eg hadde mykje "uidentifiserbart" restegarn. Eg har alltid hatt lyst å lage meg eit resteteppe i bestemorruter så då tenkte eg dette var ein god ide. Om det er ein god ide gjenstår å sjå, for det er stor skilnad på garnet, også i tjukkelsen.
Eg blandar her bestemorruter og nokre andre ruter i same mønstet eg brukte i ein kjole eg hekla.
Har no 10 ruter.
$

Hekla sjal

Eg har ei venninne som har hekla nokre flotte sjal. Eg kallar dei berre Unni-sjal fordi ho gav eit til tanta si som heiter Unni.
Ho lærte meg å lage desse, og dette har eg laga til ei venninne. Det gikk ganske raskt å lage det, og her gjekk det med 4 nøster sandnes alpakka.

Pulsvarmarar

Forrige veke gjekk eg på strikkecafe hos husflidslaget.
Då byrja eg på desse pulsvarmarane. Gjekk fort å lage dei, sjølv om rillene var litt ekstra "tidkrevande".


Hekla løpar

Denne løparen har eg holdt på med ei stund. Egentlig litt i overkant av kva et meiner er akseptabel tidsbruk på eit prosjekt. Trur eg brukte ca 6-7 veker på den, men blei egentlig ganske fornøgd. Burde kanskje strekt den før eg tok bilde, men.. jaja :)

Rund hekla duk

Denne duken hadde eg egentlig gløymt at eg hadde laga. Fann han i hobbyskapet då eg rydda. Det var berre å feste trådane og stive han så var han klar til bruk :)

Hårbøyle

Eg kjøpte meg ein kjole i sommar som var litt lang.
Etter å ha lagt opp kjolen var det sjølvsagt stoff til overs og eg tenkte det hadde vore kjekt med ein hårbøyle i same stoffet. Så eg kjøpte ein billig hårbøyle på salg og trekte om.

"Sukkerskål"

Denne skåla er hekla for så å stiva i sukkerlake.

Som navnet antyder er dette ikkje noko sukkerskål. Den er ganske stor, ca 20 x 30 cm og høgda er ca 15 cm.

Men bestemora mi hadde ei stor rund hekla skål med stett, og av ein eller annan grunn slikka eg på denne ein gong då eg var liten. Og ja, den smakte sukker. Så om eg vart veldig godtesugen når eg var på besøk sneik eg meg innimellom til å smake litt på den skåla.. Difor var det veldig koselig å lage mi eiga "sukkerskål" :)

Kort

Eg som var så ivrig.. og dette er årets produksjon av kort foreløbig..

Smykker

Smykker eg har laga i makrame-teknikk.
Det brune er hamptau og treperler, det kvite er kvit hyssing og sølvfarga treperler.

Det blå smykket lagde eg saman med søstera mi. Vi hadde ikkje perler for hand, så dei laga vi først i fimo-leire.

Veske

Denne veska har eg strikka og tova, for så å pynte den med ein rosa blomst.

Gryteunderlag

Hekla gryteunderlag. Dette såg i utgangspunktet gøy ut å lage, men var ikkje så gøy når eg kom igang.


Nålepute

Ei nålepute eg har brodert.
Les mer i arkivet » November 2009 » Oktober 2009 » September 2009
Kristin

Kristin

28, Bergen

Eg er ei jente på 28 år og bur i Bergen. Arbeider innan IT og trives godt med det. På fritida har eg ein del hobbyar som stel mykje tid. Eg driv både med scrapbooking, kortlaging, smykker, strikkar, heklar, syr/broderar og har vel forsåvidt vore innom mange andre hobbyar og. På bloggen min vil eg legge ut bilder og beskrivelsar av ting og tang eg har laga og prosjekt eg har på gang.

Enjoy!

-Kristin-

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits